Fem frå Mørebenken skulle fortelje om sitt syn på Nordmøre under eit frukostmøte i regi av Kruse Larsen i Oslo torsdag. Undervegs kom det eg og fleire andre oppfatta som eit personangrep frå Nordmørslistas Steinar Wiik Sørvik mot ein av representantane frå Mørebenken, og Sørvik fulgte i eit lesarinnlegg opp med ei feilaktig gjengiving av det som vart sagt på frukostmøtet. Derfor må det eit tilsvar til. For det første: Nei, nordmøringen som sådan vart ikkje framstilt som sytete av nokon. Det vart klårt presisert frå alle som nemnte syting og klaging at dette gjeld enkelte aktørar på Nordmøre. Sjølv sa eg at det ikkje nødvendigvis er så mange som syt, men at dei som gjer det bruker høg stemme. Ergo: det blir lagt merke til. Og det er synd, for Nordmøre har eit stort potensial, og det potensialet blir brukt best viss ein går på med krum hals og tiltakslyst. Mange har nettopp dette på Nordmøre, og vi skulle bruke meir tid til å løfte fram alt positivt som skjer.

Sørvik skriv at eg skildra Nordmørslista som ei grendeliste. Ja, det gjorde eg, og eg må forklåre den samanhengen dette vart sagt i som Sørvik ikkje finn det verdt å nemne. Det begynte med at han sjølv gjekk laus på ein av representantane på Mørebenken. Eg tykte heile opptrinnet var uhøyrt, og det ga eg uttrykk for. Så repliserte eg at eg alltid har ergra meg over Sunnmørslista, og at eg heller ikkje tykte noko om at Nordmørslista kom i stand, fordi eg meiner fogderilister er ein uting. Det er ein del av demokratiet at det er mogleg å stille slike lister, så det må eg likevel godta – dette sa eg også. Så heldt eg fram med å seie at éin ting er ei fogderiliste i eit fylke, men i eit stortingsval vil Nordmørslista vera som ei grendeliste. Og dersom Nordmørslista skulle bli representert på Stortinget, vil det kunne bidra til å skape eit inntrykk av at Nordmøre er Nordvestlandets svar på det spanske og franske Baskerland.

Dette står eg for. Eg har vore del av politikken på Nordmøre sidan 1999, og den retorikken og politikken som Nordmørslista står for er ikkje noko framskritt. Ja, dei kan samle protestveljarar og bruke høg stemme, og ha sin funksjon for å målbera protest og frustrasjon, men skulle ikkje vi på Nordmøre heller samle kreftene og få til noko saman? Eit sterkare samarbeid mellom indre og ytre Nordmøre vil kunne kaste godt av seg. Ein kan også oppnå meir med ei konstruktiv tilnærming til oss som sit på Mørebenken. Uansett kva parti vi representerer er vi faktisk genuint opptekne av å bidra til utvikling i heile fylket.

Når det gjeld regiontilknytning, er det greitt å minne om at Senterpartiet ikkje vil ha regionar. Vi vil behalde dei norske fylka framfor å laga unorske gigantregionar. I det biletet bør ingen undre seg over at vi ønskjer å halde både dette og andre fylke samla. Nordmøre har då heller ikkje vansmekta som del av Møre og Romsdal, men somme har tydelegvis interesse av å gjenta at det er slik i håp om at alle etter kvart skal tru på det.

 

 

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant, Senterpartiet