HV11 må styrkast, ikkje leggast ned

Her er fire av dei seks ordførarane i Nordfjord som står bak initiativet: Alfred Bjørlo (V) Eid, Kristin Maurstad (Ap) Vågsøy, Stig Olav Lødemel (H) Hornindal og Sven Flo (H) Stryn. Leidulf Gloppestad (Sp) og Stein Robert Osdal (Krf) manglar på biletet.

Stortinget skal hausten 2016 handsame Langtidsplanen for Forsvaret, Prop. 151S (2015-2016). Regjeringa foreslår i Langtidsplanen ei sterk nedbygging av Heimevernet i Sør-Noreg. Eitt av framlegga er å legge ned HV11 – heimevernsdistriktet som dekker Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Vi vil på vegne av våre kommunar på det sterkaste motsetje oss framlegget om nedlegging av HV11.

I motsetnad til alle andre deler av landet, har Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal ingen annan militær tilstadevere enn Heimevernet. Nedlegging av HV11 og nedbygging av Heimevernet vil ha alvorlege følgjer for samfunnstryggleiken i vår del av landet både i krig og fredstid.

Heimevernet er i dag landsdekkande med 11 HV-distrikt, ca 37.000 soldatar og 500 fast tilsette. Heimevernet utgjer omlag 70% av tal soldatar i Forsvaret sin operative struktur – men brukar mindre enn 3% av forsvarsbudsjettet. Heimevernet er eit landsdekkende landforsvar med god reaksjonsevne, evne til å halde ut over tid og lokalkunnskap. Heimevernet opererer også i nært samarbeid med sivilsamfunnet i kommunane i Sogn og Fjordane, med oppimot 1.000 soldatar disponible i fylket. Heimevernet er ei berande søyle i Totalforsvaret saman med Politi og Sivilforsvar.

I Regjeringa sitt framlegg til Langtidsplan for Forsvaret er Heimevernet foreslått redusert med 12.000 HV-soldatar på land. Det vesentlege av kuttet skal takast i Sør-Noreg. HV-distrikt 11 (Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane nord for Sognefjorden) er foreslått nedlagt. I tillegg er Sjøheimevernet foreslått nedlagt.

Dette betyr omfattande sentralisering og kraftige kutt i heimevernet på Nordvestlandet. I praksis vil HV si rolle som del av samfunnstryggleiken og Totalforsvaret mellom Trøndelag og Hordaland falle bort med Regjeringa sitt framlegg. Kommunane i Sogn og Fjordane vil oppleve kraftig reduksjon i Heimevernet si evne til:

  •  Å verje samfunnskritiske objekt og infrastruktur
  •  Å vere tilgjengeleg på kort varsel, slik at forsvarseiningar med god lokalkunnskap kan løyse militære oppdrag
  •  Å samhandle med og støtte det sivile samfunnet ved ulukker og større hendingar.
  •  Å rekruttere mannskap til Forsvaret i vår del av landet

Kort oppsummert: Blir HV11 nedlagt, har Noreg i praksis ikkje lenger eit landsdekkande forsvar.

Då har Forsvaret trekt seg ut av ein del av landet med 400.000 innbyggjarar, eit areal nesten på storleik med Danmark, krevjande topografi og kommunikasjonar (reisetid nord/sør 10 timar) og som står for ein stor del av nasjonal verdiskaping og samfunnskritisk energiforsyning som store vasskraftanlegg og ilandføringsanlegg for gass.

Ut frå dette vil vi fremje eit krystallklart krav om at Stortinget seier nei til framlegget om nedbygging av Heimevernet i Sør-Noreg og nedlegging av HV11. Noreg må framleis ha eit landsdekkande forsvar. Vi kan ikkje akseptere at storsamfunnet stryk vår del av landet frå forsvarskartet, og svekkar vår samfunnstryggleik drastisk både i krig og fred.

Underskrivne ordførarar frå alle 26 kommunar i Sogn og Fjordane