En 80-PBE ferge til sambandet Seivika-Tømmervåg. Illustrasjon: Fjord 1

I dag signerte Møre og Romsdal fylkeskommune kontrakten med Fjord1 ASA for drift av dei fire fylkesvegferjesambanda på Nordmøre. Kontrakten varer i elleve år, og startar opp 1. januar 2020.

Det melder fylkeskommunen i en pressemelding.

Den nye kontrakten for Nordmørspakken er verdt 1,884 milliardar kroner.

Den nye kontrakten for Nordmørspakken er verdt 1,884 milliardar kroner. Kontrakten vart skriven under av administrerande direktør i Fjord1 ASA, Dagfinn Neteland og fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Når den nye kontrakten startar opp, vil det bli eit enno betre ferjetilbod for trafikantane på Nordmøre, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Dette er Nordmørspakken:

Kvanne – Rykkjem:
Eit nybygg med kapasitet for 50 personbileinhetar (PBE) og 3 vogntog (VTE). I samsvar med anbodskrav har fartøyet passasjerkapasitet på 149.

Edøya – Sandvika:
To nybygg med kapasitet for 50 PBE og 3 VTE. I samsvar med anbodskrav har fartøyet passasjerkapasitet på 199.

Seivika – Tømmervåg:
To nybygg med kapasitet for 80 PBE og 6 VTE. I samsvar med anbodskrav har fartøyet passasjerkapasitet på 399.

Arasvika – Hennset:
Eksiterande fartøy tilpassa sambandet med kapasitet på 25 PBE og 2 VTE. Fartøyet vil vere eit tradisjonelt dieselfartøy, men oppgraderast for å minimere energiforbruket med mellom anna varmepumpe. I samsvar med anbodskrav har fartøyet passasjerkapasitet på 149.

Administrerande direktør i Fjord1 ASA, Dagfinn Neteland uttrykte under kontraktsigneringa at dei er veldig fornøgde med å vinne fram i anbodskonkurransen.

Strenge krav til miljø

Det er stilt strenge miljøkrav i kontrakten. På sambanda Edøya-Sandvika, Seivika-Tømmervåg og Kvanne-Rykkjem skal Fjord1 bruke plug-in elektriske ferjer. Dette vil medføre at utsleppa frå fylkesvegferjedrifta på Nordmøre blir redusert frå om lag 9 450 tonn CO2 årleg, til om lag 2 312 tonn årleg.

– Dette er ein stor og viktig kontrakt for Fjord1, der vi vinn fram med nye og svært miljøvennlege fartøy. Noko som stadfestar at vi er leiande i vår næring innanfor «det grønne skifte», seier Neteland.

Møre og Romsdal fylkeskommune får støtte frå Enova som dekker delar av meirkostnadane som fylkeskommunen får som følgje av dei strenge miljøkrava som er stilt.

Nye ferjer

Fjord1 skal levere fem heilt nye fartøy. Tre av fartøya vil ha ein storleik på 50 PBE (personbileinigar) og to fartøy med ein storleik på 80 PBE. Det er stilt strenge krav til fartøya mellom anna med omsyn til universell utforming. Fjord1 planlegg at alle dei nye ferjene blir sett inn frå oppstarten av den nye kontrakten.

Bedre rutetilbod

Det blir også eit forbetra rutetilbod i pakken, med to-ferjeløysing på Edøya-Sandvika. Det blir 13 fleire rundturar på kvardag på dette sambandet, og 16 fleire rundturar på helg. På Seivika-Tømmervåg blir det to-ferjeløysing også på laurdag med to timar lengre opningstid. Det blir 25 fleire rundturar på helg i dette sambandet. På Kvanne-Rykkjem blir det også auka opningstid og fleire avgangar.

Miljøvennlege og framtidsretta løysingar

– Eg vil også nytte moglegheita til å trekke fram fylkeskommunen sin vilje til å premiere miljøvennlege og framtidsrettede løysningar. Vi i Fjord1 ser fram til eit fortsatt godt samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, og gleder oss stort til å igangsette den nye kontrakten, sa Neteland under kontraktsigneringa.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik opplyser om at det kjem fleire konkurransar innan ferjedrifta i fylket i nær framtid. – Vi håper på fortsatt god konkurranse i dei komande anboda, avsluttar Guttelvik.