Olve Utne skriv mykje i ein kommentar til mitt svar til Nordmørslista. Eg takkar for innspela, og skal svara på nokre av dei. Ja, Nordmøre er plassert slik at det vekslar mellom at vi blir definert som del av Midt-Noreg og Nordvestlandet, alt etter kva samanhengen etter. Eg godtek likevel ikkje å bli korrigert på at Nordmøre er ein del av Nordvestlandet, all den tid eg vaks opp med ein far frå Smøla som i høgste grad såg oss som del av Nordvestlandet, og all den tid naturen på Nordmøre er som han er. Utne viser til at han sjølv har vore administrator for Wikipedia, så eg reknar med at han tykkjer det er ei god kjelde også i dag. Der står det. «Nordvestlandet er en region i Norge. Det er ikke enighet om nøyaktig geografisk plassering. Regionen regnes ofte å grense til Trøndelag i nord og strekker seg sørover til enten Sogn og Fjordane eller til Hordaland. Området hvor det snakkes nordvestlandske dialekter er det langt større enighet om hvor er.»

Utne spør kva eg meinte med å nemne Baskerland. Eg er jo av det politikarslaget som liker å seie ting på andre måtar og gjerne provosere litt, særleg viss eg blir provosert sjølv først. Dette hadde eg vorte på torsdagens møte i Oslo der Mørebenken var inviterte til å fortelje om synet vårt på Nordmøre. Nordmørslista hadde teke turen til Oslo for å høyre på oss. Etter at ein av desse hadde gått laus på ein frå Mørebenken på særs uhøfleg og krast vis, tenkte eg at viss ein slik tone på vegne av Nordmøre skulle bli høyrbar på Stortinget etter neste stortingsval, ville oppfatninga av Nordmøre hos folk frå andre delar av landet kunne bli forvrengt av det. Det eg sa og seinare skreiv, var jo ikkje at Nordmøre er eit slags Baskerland, men at: «Dersom Nordmørslista skulle bli representert på Stortinget, vil det kunne bidra til å skape eit inntrykk av at Nordmøre er Nordvestlandets svar på det spanske og franske Baskerland.» Det var jo nettopp framferda og tonen til vedkomande frå Nordmørslista som bidrog til at ei slik samanlikning passa godt.

Eg har ikkje noko ønske om å gå til kamp mot Nordmørslista, men dersom dei går til kamp mot andre, er eg så fri at eg seier frå. Framover kjem eg til å halde fram med å bruke energien på å arbeide for å få meir Senterparti-politikk vedteke. Dette inneber at eg arbeider målretta for Nordmøre sin del, for mange av dei problema som somme søkjer å løyse i å flytte fylkesgrensa, er å finne i ein betre politikk for distrikta (og i denne samanhengen er heile fylket vårt eit distrikt). Halsafjordsambandet og Todalsfjordprosjektet er prosjekt som treng påtrykk for å bli realisert raskast råd, Fv65 treng opprustning, og E39 Betna-Stormyra treng å få på plass dei oppstartsmidlane som dei var lova i Nasjonal transportplan. Verdien for Nordmøre av ein betre kommuneøkonomi skal ein heller ikkje undervurdere, for dette handlar om kva oppvekstvilkår ungane har og kva tenestetilbod innbyggjarane får.

Det alle burde sitje att med etter møtet i Oslo på torsdag, er at vi som sit på Mørebenken er her for næringsliv og folk i heile fylket. Kva moglegheiter vi har for å få til noko for Nordmøre, avheng likevel av kva parti vi representerer og kva slags partiprogram vi skal følgje.

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant, Senterpartiet