Stian Rødsand og Olav Jørgensen har besøkt Grüne Woche i Berlin. Foto: Karen Cecilie Heldal.

Stian Røsand og Olav Jørgensen frå Smia Mætt og go har denne veka vore i Berlin på verdas største mat og reiselivsmesse, Grüne Woche. Dei har laga masse god mat til det tyske publikummet.

Les også: Fylkesmannen mener det er potensial for mer lokalmat

– Det har vore utruleg artig å vera her, og vi har fått jobbe med veldig gode råvarer, seier Olav Jørgensen.

Treffe folk

Dei blide kokkane har fått nye venner og kontaktar under messa.

– For oss er det viktig å kjenna folka som står bak produkta. Her på messa har me vorte kjende med mange flinke og dedikerte produsentar av lokalmat. Godsakene blir nesten enda betre når me kjenner folka og historia bak dei, seier Stian Røsand som mellom anna er blitt glad i ost frå Myrdal.

Dei har også funne andre godsaker som kanskje vert å sjå i landhandleriet deira eller dei kan dukka opp som råvare i maten dei serverar.

– Det er så kjekt å kjenna så mange flinke produsentar. Det vert eit nettverk som me kan ta med vidare og me har alltid noko å læra av andre. Det har og vore kjekt å samarbeide med dei andre kokkane og me har hatt dei gøy mens vi har produsert smaksprøvar på løpande bånd.

Heile verda

Grüne Worche er verdas største mat og landbruksmesse, og der kan man også koma i kontakt med vanlege tyske forbrukarar og oppmoda dei til å legge ferien til Noreg.

Det er standar frå dei fleste land i Europa og nokon frå Asia.

– Det er kjempesvært og det er eit yrande liv. Det er artig å gå rundt og sjå kva dei andre byr på og inspirasjon finst overalt, seier Smia-gutta.

Bestemors kjøken

Olav og Stian likar å lage tradisjonell norsk mat og bruker fleire oppskrifter som dei har frå bestemødrene sine.

– Då er det best med gode, lokale råvarer så langt det er råd, seier Stian. I landhandleriet er det mange lokale godsaker å velge mellom, og utvalget blir skifta ut heile tida. Det er mykje som tyder på at varer fra nokon av produsentane som dei traff på messa blir å finna i Mett og God Eteri og Landhandleri.

Topp innsats

Aud Drågen Lindseth ved Landbruksavdelingen hos Fylkesmannen omtalar Stian og Olav fra Smia som «ekte folk som lagar ekte mat».

– Og dei er veldig gode på vertskap. Saman med dei andre deltagarane frå vårt fylke har de representert Møre og Romsdal på ein glimrande måte, seier Drågen Lindseth som er med i styringsgruppa for Fjord Norge sin deltagelse på Grüne Worche.

Ho har sjølv har vore med til Berlin og jobba side om side med dei på stand.

– Det er travelt og intenst med tusenvis av besøkande kvar dag men veldig gøy!