Fylkesmann Lodve Solholm. Foto: Vidar Myklebust, Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Kven skulle tru at Kraftkar frå det vesle gardsmeieriet på Tingvoll skulle vinne prisen som World Champion under World Cheese Awards i Spania i 2016? Den kraftige blåmuggosten med den særprega og fyldige smaken danka ut ostar frå heile verda.

Utlandet har fått augene opp for matnasjonen Norge.  Lokalmatprodusentane leverer på høgt nivå, og det norske kokkemiljøet har år etter år plassert seg i toppen i internasjonale konkurransar. World Cheese Award for 2018 skal arrangerast i Bergen i november.  Tildelinga av arrangementet er  uttrykk for internasjonal anerkjennelse. Vi håper at også nordmenn blir klar over at norsk kvalitetsmat, og ikkje minst lokalmaten frå Møre og Romsdal, konkurrerer med det beste i verda.

Mange forbrukarar er opptekne av å kjøpe norskprodusert mat og mat med ei spesiell historie eller med ein unik kvalitet. Ved å kjøpe lokalprodusert mat får ein spesialprodukt av høg verdi frå eigen region – gjerne frå ein bonde ein kjenner. Fylkesmannen arbeider aktivt for å styrke lokalmatproduksjonen i Møre og Romsdal saman med andre offentlege aktørar. Det er fleire grunnar til det:

  • Lokalmarknaden er i vekst: Stadig fleire kjøper lokalmat og omsetjinga aukar kvart år. Statistikken viser at salet av lokalmat på landsbasis aukar meir enn salet i daglegvarehandelen. Tal frå «Status lokalmat og drikke 2017» viser at heile 60 prosent av forbrukarane er villige til å betale ekstra for lokal matvarer. Sidan 2010 har salet av lokalmat meir enn fordobla seg. Den auken må også gardbrukarar i fylket vårt ta del i!
  • Lokalmat gir auka verdiskaping og mangfald: Utviklinga av stadig fleire produkt styrker mangfaldet av norske matvarer. Det er også ei viktig tilleggsnæring til den tradisjonelle gardsdrifta og kan gi gode inntekter for bonden. Bønder som startar med lokalmatproduksjon, gjer det som regel med utgangspunkt i den drifta som alt er på garden. Tilleggsnæringar styrker det tradisjonelle landbruket
  • Lokalmat gir stoltheit og identitet: Den lokale maten gir oss stoltheit og identitet – og er ein viktig del av kulturen vår på Nordvestlandet. Norsk mat- og drikkekultur er ein del av den immaterielle kulturarven. Skal vi klare å løfte mattradisjonane våre, krevst det målretta innsats frå både det offentlege, produsentane, næringsmiddelindustri og frivillige kulturorganisasjonar
  • Lokalmat gir reiselivet eit skikkeleg løft: Lokalmat kan dessutan vere med på å skape den unike opplevinga for aktivitets- og opplevingsturistar frå inn- og utland. Møre og Romsdal er eit stort reiselivsfylke, og det største matfylket i Noreg, om ein ser grøn og blå sektor samla. Det ligg også potensial i å kople kulturopplevingar saman med mat og reiseliv. Dette ser vi både nasjonalt og internasjonalt

Fylkesmannen arbeider aktivt for å auke talet på tilbydarar av lokalmat, høgde kvaliteten og motivere serveringsstader til å satse meir på mat frå Møre og Romsdal. Det må satsast vidare på å bygge nettverk mellom lokalmatprodusentar og mellom lokalmatprodusentar og reiselivet. Gjennom dei årlege fagdagane MRmat får lokalmatprodusentane og serveringsstadene tilbod om praktiske kurs for å høgde kvaliteten, gjere drifta meir lønsam og lære marknaden å kjenne.

I 2018 vil fylkesmannen servere lokalmat på sine arrangement, og vi vil oppfordre alle andre til å handle lokalmat frå Møre og Romsdal.

Fylkesmann Lodve Solholm