Av: Frank Sve, Gruppeleiar og Fylkesleiar, Møre og Romsdal Framstegsparti

Møre og Romsdal overtok “katta i sekken” frå den raud/grøne regjeringa i 2010, då fylka vart tvinga til å overta dei gamle riksvegane. Nesten 7 milliard kroner i vedlikehaldsetterslep vart velta over på Møre og Romsdal.

Dagens regjering har auka overføringa kraftig til fylka, som skal gå til vedlikehald av fylkesvegane og tunellar. Frå 48 millionar frå Arbeiderpartiet og Senterparti regjeringa til omlag 150 millionar frå dagens regjering til vårt fylke kvart år.

Som leiar i Plannemnda for samferdselsbygging er eg ute i fylket å ser på vegane, tunellar og bruer og så vidare. Behovet for vedlikehald er enormt stort, å behovet for meir asfaltering er formidabelt.

Sist veke var eg i Surnadal og Rindal kommunar. Her har vi Fylkesveg 65 som ein av fylkets viktigaste næringsveg, med svært stor trafikk og mykje tungtrafikk. I øvre Surnadal og Rindal er asfaltdekket i elendig stand. Her skal vi legge fleire kilometer med ny asfalt, men det var ikkje planlagt ny asfalt frå Holte bru til Ringdalskogen.

Eg var med Surnadal Transport i storbil opp dalen, det var liten tvil om at her må noko gjerast.
I møte i Plannemnda den 2 mai tok eg opp denne saka, med behov for å legge 1 kilometer meir asfalt på denne strekninga. Dette vart vidare teke opp i samferdselsutvalet sitt møte den 4 mai og eit samla utval var einig i at dette skal på plass. Vi får difor ei ny sak i samferdselsutvalet den 7 juni der vi løyver meir pengar til asfalt, som vil kome heil fylket til gode.

Såleis er det viktig at vi får sjå vegane og det er viktig med engasjement frå kommunar og næringsliv. Ein spesiell takk til Surnadal Transport for turen sist veke.

Med meir midlar til asfaltlegging er det mange områder i Nordmøre, Romsdal og på Sunnmøre som vil får meir vedlikehald og tryggare vegar gjennom nytt asfaltdekke. Vi har frå 2016 eit overskot innan samferdseldrifta på grunn av lågare drivstoffprisar for ferjer og ein del andre forhold, såleis har vi moglegheit til å kunne auke løyvingane til vedlikehald og meir asfalt.

Vedlikehald av våre fylkesvegar er noko eg og FrP brenn for. Vi vil arbeide aktivt for å ha sterkt fokus på dette i åra framover. Det er ikkje berre nye vegprosjekt som er viktig, en må også ta godt vare på dei vegane som er og vedlikehalde dei så godt en maktar med dei midlane fylket har.

Med vennleg helsing
Frank Sve
Gruppeleiar og Fylkesleiar
Møre og Romsdal Framstegsparti