Forsker Olve Utne fra Tustna med tilsvar til Jenny Klinge. Foto: Privat.

«Nordmøre har då heller ikkje vansmekta som del av Møre og Romsdal», skriv du.

Nordmøre utgjer drygt 40 % av arealet i Møre og Romsdal fylke (etabl. 1919; før det var Nordmørs fogderi under Romsdals Amt med direkte rapportering til Trondhjems stiftsamt). Frå 1769 til 1900 låg folketalet på ca. 33-39 % av totalen i noverande Møre og Romsdal. I 1950 var vi nede i ca. 30 % og i 2001 hadde vi komme ned i i underkant av 25 %. Prognosen seier at vi under noverande forhold vil vippe under 23 % fram mot 2040.

Vi har ein sterkt underutvikla trafikkstruktur mellom Nordmøre og Trøndelag som utgjer ein kraftig hemsko for utviklinga av næringsliv og busetjingsstruktur i området frå Kristiansund til Hitra/Frøya/Hemne.

Kanskje veit du òg at Aure, Halsa, Rindal og Surnadal likevel allereie har vesentleg pendling til Trøndelag? At alle desse har meir pendling til/frå Trøndelag enn til/frå Romsdal?

Og kanskje veit du at pendlinga mellom Nordmøre og Romsdal først og fremst går FRÅ Nordmøre TIL Romsdal. Og at «felles» instituasjonar for Nordmøre og Romsdal helst blir lagt til Romsdal, sjølv om Romsdal utgjer eit vesentleg mindre geografisk område enn Nordmøre?

At fylkesmannen i Møre og Romsdal tilrår ein gigantkommune for Molde som han vil skal innehalde ikkje berre heile Romsdal med unntak av litle Sandøy kommune, men i tillegg nordmørskommunane Eide og Gjemnes (med eit nærmast symbolsk unntak av Bergsøya)? Dette vil han «matche» med ein kristiansundskommune som vil vera mykje mindre i folketal og dermed òg mykje lettare på kjøttvekta. At fylkesmannen meiner det er «unaturleg» for Halsa å slå seg saman med Hemne med kring ein times ferjefri kjøretur til kommunesenteret Kyrksæterøra med 2500 innbyggjarar, medan han meiner det er «naturleg» for Halsa å slå seg saman med Aure — der halve nykommunen enten lyt reise med ei av Norges eldste miniferjer i drift eller kjøre via Kyrksæterøra (!) for å komma til kommunesenteret enten det blir på eine eller andre sida av Vinjefjorden. Og på sikt er det visst endatil naturleg for Halsa å slå seg saman med Kristiansund…!

No er det rettnok klart at om ein tok budsjettet til Møreaksen og erstatta det med det samfunnsmessig sett mykje nyttigare Sekkfast-prosjektet, så ville ein frigjera nok midlar til å få i stand brusamband fleire stader på Nordmøre og i Sør-Fosen. Men det er vel ikkje heilt slik Møre og Romsdal fungerer, ikkje sant?

Som surnadaling veit du sikkert at akuttinnlegging for psykiske lidelsar på Indre Nordmøre skjer via legevakta på Orkanger og med tvungen retur forbi Nordmøre att til Molde på grunn av fylkes- og helseforetaksstrukturen.

Kanskje veit du at ved akuttinnlegging av sjuke ungar her i Aure kommune, når barneavdelinga i Kristiansund litt for ofte er stengt, får ikkje ambulansen kjøre landfast til St. Olav (drygt to timar frå det meste av kommunen utan å bryte fartsgrensa), men blir sendt på ein lengre kjøretur med to ferjer heilt til Ålesund — på den tida det elles tek for oss her å kjøre forbi Orkdal sjukehus, vidare forbi St. Olavs hospital og heilt til Sykehuset Levanger.

Kanskje veit du kor mykje politikarane her laut slåst MOT Møre og Romsdal for å få lov til å byggje ut Tjeldbergodden? Og korleis det var Sør-Trøndelag som i stor grad drog i land seieren for Nordmøre i den saka? Og kor snare Møre og Romsdal fylke var da dei såg at dei tapte det slaget til å byggje ut Nyhamna som konkurrent.

Nåja. Nok om ulempene for Nordmøre ved å vera i Møre og Romsdal. Lat oss sjå litt på denne:

« – Dersom Nordmørslista skulle bli representert på Stortinget, vil det kunne bidra til å skape eit inntrykk av at Nordmøre er Nordvestlandets svar på det spanske og franske Baskerland, skriv Jenny Klinge (Sp).»

For det første: NORDVESTLANDET har ein grei og tydeleg historisk og kulturell definisjon. Det er området med nordvestlege e-mål; det er ein del av det vestlandske kulturområdet med sine grindbygg, med liggjande vestlandspanel og så vidare. Nordmøre hører kulturelt OG historisk faktisk ikkje til Nordvestlandet, men det trøndske kulturområdet. Her snakkar vi trønder med kløyvd infinitiv (og det fungerer heilt greitt å bruke det på nynorsk, forresten), vi byggjer tradisjonelt i laft og stavline med tømmermannspanel, vi kallar lånene våre nordmørslåner, sjølv om det skal godt gjerast å definere forskjellen mellom ei nordmørslån og ei trønderlån. Vi (eller i alle fall dei av oss som ikkje driv så mykje i politikken) reiser gjerne meir til Trondheim enn til Ålesund. Nordmøringane pendlar meir til Trøndelag enn til Sunnmøre. Og sunnmøringane ser like så godt som oss at vi rettnok er i same fylket, men langt ifrå i same landsdelen. (Eg kunne fortelje mykje meir om det ut frå mitt arbeid som forskar, men dette burde vel greie seg akkurat her.) Kort sagt, så er vi ikkje nordvestlendingar på Nordmøre. (Med unntak av innflyttarar frå Nordvestlandet, da. Og dei må no sjølvsagt vera hjarteleg velkomne.)

OG så var det dette med BASKERLAND, da. Kvar vil du no eigentleg med det? I mine mange år som wikipediaadministrator (eg var blant anna blant den handfullen menneske som etablerte Nynorsk Wikipedia), så var det rett som det var behov for å minne folk om noko som heiter STRÅMANN-ARGUMENTASJON. I mangel av saklege argument set ein opp eit overdrive bilde av saka, og argumenterer så spesifikt mot overdrivinga.

Så til poenget: Kva er det eigentleg du meiner med Baskerland her? Siktar du til …

A) … den separate kulturen som skil seg totalt ut frå begge statane?

B) … den poltitiske separatismen mot begge naboane?

C) … ETAs gjentatte terrorangrep særleg mot spanske mål?

A er irrelevant i og med at ingen snakkar om Nordmøre som dramatisk ulikt begge naboane, men heller peikar på at vi har svært mykje til felles med naboane i Trøndelag og ein god del mindre sørover i retning Sunnmøre.

B fell i grunnen òg ut på same vis. Kven snakkar om eit uavhengig Nordmøre? Vi vil da ikkje bryte ut som eige fylke; vi vil berre ha ei grensejustering — som mange her elles har ønskt seg lenge, og uavhengig av regionsreformen.

Om det er C du meiner, så fell det argumentet på si eiga urimelegheit. Kven skulle terrororganisasjonen vera? Kor hen er valden?

Kort sagt: A og B er ein lite dekkjande analogi. C er fullstendig hinsides det saklege og, om det var tilsikta her, eit klårt stråmannsargument.

Men om de som no sitt som stortingspolitikarar vil gå til kamp mot Nordmørslista, så må de no gjerne gjera det. Eit strategisk tips der er å gjera felles sak med det som i aukande grad ser ut til å vera fleirtalet blant oss nordmøringar og arbeide for fornuftige grensejusteringar på sakleg grunnlag. De har nok ein god del potensiale for stemmer der. Lykke til med valkampen!