Foto: Terje Aamodt

Forseinkingar for FRAM Ekspress rute 901 Kristiansund-Sunndalsøra-Oppdal

På grunn av fare for at vegen på rv. 70 ved Fale bru kan skli ut og rase er det sett inn manuell dirigering fram til måndag 18. desember om morgonen, melder fylkeskommunen.

Dette vil føre til forseinkingar for bussrute 901 Kristiansund-Sunndalsøra-Oppdal i begge retningane. Bussane vil likevel rekke toga frå Oppdal om det ikkje skjer noko anna uføresett.

– Frå og med måndag 18. desember til og med torsdag 21. desember vil vegen bli stengt for utbetring av den delen av vegbana som står i fare for å rase ut. Dette gjer at FRAM Ekspress-bussane på rute 901 må køyre fv. 313 Hoåsvegen (avkjørsel ved Løykja) heilt til avkøyringa ved Fale, og tilsvarande motsett veg, seier Frode Kvalheim, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Denne vegen er veldig smal og gjer at all tungtrafikk må vente i kvar ende når bussen køyrer på vegen. Her må reisande pårekna noko forseinkingar. Måndag 18. desember vil første bussavgang i kvar retning køyre rv. 70 heile vegen, legg Kvalheim til.

For å rekke togavgangane på Oppdal må reisande på strekninga Grøa-Fale i perioden gå av og på enten ved rv. 70 ved avkjøringa til Løykja eller avkøyringa ved Fale. (Bussen vil ikkje rekke å køyre via bustadfeltet på Grøa og strekninga Grøa-Moøran).

Kollektivreisande kan ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 for informasjon.

Det er atterhald om at det eventuell blir forseinking i vedlikehaldsarbeidet, som gjer at bussen må køyre alternativt i fleire dagar.