Rådmann Olaug Haugen, Tingvoll kommune. Foto: Vidar Karlsen Tingvoll kommune

Av: Olaug Haugen, Rådmann, Tingvoll kommune

Tingvoll kommune har innrapportert sitt økonomiske resultat for 2017 til staten den 15.02.18.

– Rådmannen takkar alle leiarar og medarbeidarar for å ha ytt gode tenester til innbyggjarar og brukarar, og samstundes skapt eit solid økonomisk overskot.

Tingvoll kommune har for 2017 skapt eit svært godt resultat. Vi har eit netto driftsresultat på ca 4,5 % og heile 11,5 millioner kroner som eit samla overskot. Dette talet inneheld både eit mindreforbruk på ca 8,5 millioner kroner, og ein planlagt budsjettert økonomisk reserve  på ca 3 millioner kroner. Dette er eit førebels resultat og kan endra seg noko fram til ferdig revidert rekneskap.

Årsakene til det gode økonomiske resultat er:

  • God økonomisk styring på virksomhetene, der dei aller fleste virksomhetene er i økonomisk balanse eller med eit tydleg overskot.
  • Internasjonal avdeling skapar eit vesentleg overskot gjennom busetting av flyktningar
  • Lågare pensjonskostnader
  • Lågare finanskostnadar i form av renter og avdrag på kommunens lån
  • Høgare nasjonal skatteinngang.

Kommunens oppdrag er å bruka sine ressursar for å gje tenester til våre innbyggjarar og brukarar i alle sektorar. Det har vi også i 2017 brukt våre største ressursar til. Våre tenester er arbeids- og kunnskapsintensive og det meste av kommunens utgifter er  løn til våre ca 320 medarbeidarar.

Den aller viktigaste faktoren for at vi skal ha ein kommuneøkonomi i balanse er at alle virksomhetene held sine budsjett, og at vi har ein økonomisk reserve til å handsama uføresette hendingar som vil skje i løpet av eit år. Når dei alle fleste virksomhetene klarar  dette,  betyr det at alle leiarar og medarbeidarar i Tingvoll gjer ein innsats for det kvar dag.

Kommunen har fått styrka sine økonomiske rammevilkår i løpet av året gjennom auka nasjonal skatteinngang, og renter og pensjonskostnadar har vore lågare enn budsjettert.  Økonomisk reserve i budsjettet for 2017 har ikkje vore brukt.

Administrasjonen i Tingvoll kommune er svært nøgd med det økonomiske resultatet for 2017.  Kommunestyret vil få revidert årsrekneskap til handsaming i juni 2018.